eventyrleg – naturleg
Hellevik
Vi er eit ektepar frå Florø med hjarte for Stavang. Her i det vakre landskapet driv vi med gamalnorsk spælsau og hjortejakt, vi har ein triveleg campingplass, og vi forvaltar skog og beiteområde.
Garden vår, Hellevik, ligg idyllisk til ved Stongasundet, like nord for Stavang. Frå slutten av 1600-talet og heilt fram til slutten av 1800-talet vart det drive både gjestgiveri og handel her – ein tradisjonsrik stad med lang historie.
Opplev det fantastiske nærområdet
Vi er eit relativt nytt selskap som blant anna driv med utleige av leilegheiter på campingplassen i Hellevik, slik at fleire kan få oppleve alt det vakre Stavang og omegn har å by på.
I nærområdet finn ein mange fine turområde, som Skaranipa på Stavøya, og Staviknipa i Stavang.
Fantastiske Skålefjellet (765 moh.) har startpunkt 5 minutt spasertur frå Stavang sentrum, og majestetiske Håsteinen (964 moh.) er kun ein liten biltur unna. Helleristningane i Ausevika er 10 minutt unna med bil.
Aktivitetar ved vatnet
Der er mange fine fiskeplassar i nærområdet, og mulig å leige båt.
Stavang
Stavang kan by på ei levande hamn med ein velfylt nærbutikk og koseleg pub.
Stavang Landhandel har open mellom 7 – 23 kvar dag, og ligg 5 minutt frå Hellevik med bil eller båt. Ludviken Pub og Bar har romslege opningtider om sommaren, og på kaia er det fylling av drivstoff og avfallstasjon.
























